page view image

Naaljos Ljom 5. April - Korall

Information
event image

Morten Joh og Anders S. Hana i Naaljos Ljom har jobba i mange år med eit garasje-forskningsprosjekt i Eivind Grovens ånd. Dei har greve i gamle arkivopptak av norsk folkemusikk, og modifisert moderne instrument som synth og gitar for å kunne spegle tonaliteten i dei gamle opptaka. Folkemusikken var ur-technoen, og Naaljos Ljom kanaliserer tradisjonen lite farga av det moderne samfunnet. Dei to platene med ny-tolkningar av slåttar blanda med elektronisk dansemusikk dei har gjeve ut framstår samstundes eldgamle og hyperferske.
Morten Joh: Mikrotonale Synther og Trommemaskin
Anders Sundsteigen Hana: Hardingfele, Mikrotonal gitar, Munnharpe, Langeleik

folkemusikk techno klubb

Restriktioner

Arrangementet har 18 års aldersgrense, men personar under 18 slepp inn i følge med verge