Volodymyr Solianyk
Volodymyr Solianyk - Piano
Laurdag 30. november presenterer me den Ukrainske konsertpianisten Volodymyr Solianyk, som del av vårt bidrag til programet for Jul i Balestrand. Volodymyr er no busett i Sogndal, men har vore professor i musikk ved musikkonservatoriet i Kyiv (kalla opp etter Rheingold Glier). Han er også grunnleggar av den årlege jazzfestivalen Jazz Koktebel, og har vore kunstnerisk leiar for den sidan etableringa i 2001. Som artist har Solianyk mellom anna opptredd med Chick Corea, Mike Stern, George Haslam, Tomasz Szukalski, Matthew Harrison og Marek Balata for å nevne nokre få, og spelt over heile verda. Det kan også trekkast fram at han laga musikk til filmen “Daughter of Autumn”, og fekk The Kyiv Pectoral Award for musikk til skodespelet “The fourth Sister”.
Program:
11.00 - 16.00 Åpen minneutstilling Liv Sonja Thue
12.30: Lunsjkonsert ved kulturskulen
13.00: Konsert - Volodymyr Solianyk
14.00: Moteoppvisning - kle frå Abby Boutique